I om med att det har vore eksamenstid, har eg fått mykje tid til å finna nye hobbiar. Det er og ferie, det vil då seie at Ingrid, Inga og Cathrine er komt heim, ikkje bare dobla det folketalet på Rullestad, men det gjorde og at eg hadde nokon og dela hobbiane mine med. For ei stund tilbake hadde eg og Cathrine, Sigvor og Cathrine's funday, til gleda og irritasjon for andre.
Eg har og pløyd gjennom diverse seriar som: Big Bang Theory, Gossip Girl og fleire sesongar av One Tree hill, det er kanskje ikkje så rart om eg styrk på skrifteleg? Nå som ferien har starta og eg har om mogleg endo meir fritid skal eg og Elise begynne på ein ny serie (nemt to gonger på to innlegg, fornøgd?) så berre kom med forslag.
Ellers starta eg og Inga Rullestad Roklubb, men nye aktivitetar som midnattsroing og elveroing. Sladder er alltid inkludert. Særs koseleg.
Men eg skal fortella om min nyaste hobbi, byrja igår faktisk. Den nye ekstremsporten, planking. Dette er ei motebølgje utan like så eg tenkte eg og skulle prøve, dette hadde vellykka resultater.
Bestemte meg for å dekorera Odda City før plankinga byrja. Dagen etter hadde nokon tatt den vekk :(

Gravemaskinplanking baud på litt større utfordringar, og smerter, handleddet mitt har mista sin funksjon.

(bileta er tatt av Tonje, med godkjenning)
Desse bileta er tatt etter ein lang dag med eksamen (5 *host host*), Ullensvang hotell, ekspidisjonen, vallhall og Opo. Det kjem eit vermodig innlegg om dette imorgon håpar eg.